Fog haze hazy forest wallpaper
Velsigna er dagen Opheim Apeland

Velsigna er dagen

LP
€17.13
File under: 
Traditional/Folk

Label: 

LP: 

EAN: 

7042986161200

Catalog number: 

NYENOR6120LP

Release date: 

18.11.2022

Info: 

Duoen har samarbeida musikalsk i nærare 30 år i ulike prosjekt, og i

2007 gav dei ut albumet ”Den blide sol” (NORCD) religiøse folketonar

fortrinnsvis frå vestlandet, i eigne arrangement. Nominert til

Spellemannprisen.

No har dei gjort ei ny duoinnspeling med salmar, og denne gongen er alle

folketonane frå Voss. Berit Opheim har henta fram mange religiøse

folketonar frå ulike folkemusikk-arkiv, mange av dei nedskrivne på

notar av Olav Sande. Mest sannsynleg har dei ikkje vore i bruk på nærare

hundre år. Det er ekstra verdifullt å henta fram og gje liv til denne

vakre musikken. Her er kjende salmetekstar som ”Krist stod opp av døde”,

”Nu rinner solen opp av østerlide ”, ”Nu hviler mark og enge” og mange

fleire. Berit Opheim har funne fram eldre lydopptak og

notenedskrifter. Salmetekstane er stort

sett skrivne av kjende salmediktarar, men dei fleste melodiane har

lenge vore ubrukte. Det er no avdøde songkjelder som har forvalta

denne songtradisjonen. Her er det melodiske perler på rekkje og rad.

Berit seier: "Det er ei stor glede å få presentere

dette ukjende musikalske materialet til eit større publikum, og det er

med stor takksemd til dei som forvalta

og song desse folketonane me formidlar dei vidare".


Sigbjørn og Berit har spelt mange duokonsertar opp gjennom åra og

musikken utviklar seg heile tida, slik er det også med dette nye

repertoaret, det utviklar seg ved bruk, og improvisasjonselementet er

alltid sterkt tilstades.

Grete Pedersen har produsert saman med Karl Seglem. Innspelinga er gjort

i Vangskyrkja på Voss med Tor Magne Hallibakken som lydteknikar.

Mastering ved Espen Høydalsvik hos Oslo Fuzz

Tracklist: 

SIDE A
Nu rinner solen opp 3.19
Melodi: Etter Marta Hirth Mørkve, Myrkdalen
Tekst: Thomas Kingo

Høgreist 2.41
Berit Opheim, Sigbjørn Apeland

Alene Gud i Himmerik 4.38
Tekst: Nicolaus Decius. Etter Gloria in Excelsis, ”Englehymnen”, til dansk v. M. B. Landstad
Melodi frå Evanger, Voss, nedskriven av Olav Sande

Bølgjande 2.22
Berit Opheim, Sigbjørn Apeland

Den blide sol 3.25
Tekst: Ukjend. Melodi: Frå Voss, nedskriven av Olav Sande

Eia mitt hjerte 4.04
Tekst: Elle Andersdatter (salmen er også kalla ”Nevervisen”)
Melodi: Frå Vossestrand, nedskriven av Olav Sande

Jordisk himmel 2.14
Berit Opheim, Sigbjørn Apeland


SIDE B
Den ljose dagen 3.44
Melodi: Etter Olav O. Fletre, Voss
Tekst: H.C. Sthen, nynorsk omsetjing av Bernt Støylen

O, store Gud din kjærlighet 3.28
Melodi: Etter Olav Sausjord, Vossestrand
Tekst: Thomas Kingo

Salmelauv 2.19
Berit Opheim, Sigbjørn Apeland

Krist stod opp av døde 3.20
Tekst: N. F. S. Grundvig
Melodi: frå Voss, nedskriven av Olav Sande

Vossalyset 1.15
Sigbjørn Apeland

Velsigna er dagen 2.57
Melodi frå Vossestrand, nedskriven av Olav Sande
Tekst: Grundtvig (fri attdikting av ei Dagvise - Morgonsong som går attende til 1400-talet)
Nynorsk omsetjng av Olav Sande

Nu hviler mark og enge 2.45
Tekst: Paul Gerhardt, omsett til dansk av Peder Møller
Melodi: frå Evanger, Voss, nedskriven av Olav Sande